Program for markeringa:
(Med atterhald om endringar.) Programmet blir oppdatert kontinuerleg. Sjå også "Det skjer"
Rasmus Løland-markeringa
2007 - 2011
Laurdag 24. mai 2008
Kl. 10.30 Markering ved Lølandsteinen på Sand Tale ved Eli Bog, Bård Drange og Anita Svendheim frå 10. trinn på Sand skule Leggje ned krans Lølandkoret syng, ved Ruth Anne Moen Sand skulekorps spelar ned til ferja på Sand Kl. 11.30 Ferja frå Sand til Ropeid Ordførar Torkel Myklebust avdukar Lølandsitata på ferja som er omsett til engelsk og tysk Atlars og Anders frå Flaks sjongleringsgruppe i Stavanger sjonglerar ombord
Kl. 11.45 Show på ferjekaien på Ropeid ved Atlars og Anders frå Flaks sjongleringsgruppe i Stavanger
Kl. 12.15 Inne i venterommet på Ropeid Styreleiar i Næringsprosjektet Nasjonal turistveg Ryfylke, ordførar i Hjelmeland Bjørn Laugaland, helsar frå prosjektleiinga Konsert med ”Armar & Bein” frå Stavanger Konsert med Atlars, noregsmeister i slampoesi i 2006 Distriktsmusikarane ved fiolinist Xenia Berkova og fløytist Erlend Jordal
Ute medan det er konsert inne: Dei yngste kan få å prøva seg i sjonglering med Atlars og Anders.
Kl. 13.30 retur med ferja for dei som skal tilbake til Sand
Kl. 15.00 Lakseslottet Lindum - Boklansering Ordførar Torkel Myklebust Forfattar Per Lars Tonstad Forteljar Anne Elisebeth Skogen og distriktsmusikarane Matservering
Alle er hjarteleg velkomne!
Arrangementet er eit samarbeidsprosjekt mellom Lakseslottet Lindum, Stiftinga Rasmus Løland markeringa, Næringsprosjekt Nasjonal turistveg Ryfylke, Statens Vegvesen ved turistvegprosjektet
|
|
|
Spørsmål om Stiftinga Rasmus Løland-markeringa 2007-2011
kan rettast til Ryfylkemuseet, tlf 52 79 29 50
E-post: post(a)nashornet.no
Det skjer!