"Ingen indianar kan vera meir samanvaksen med urskogen sin en eg med desse skogarne og urerne.
Der samla eg eingong vokstrar. Der dreiv eg so mangei tung stund. Der skulde eg óg ynskja aa verta lagd djupt innunder steinarne eingong."

rasmusloland.no kvitebjornen.com nashornet.no rasmusloland.no

Kvitebjørnen - undring og læring


Hausten 2008 vart eit femårig pedagogisk prosjekt sett i gong. Skular med elevar frå 6. - 10. trinn var inviterte til å vera med på pilotprosjektet.

Undrande og skapande er stikkord for prosjektet, som er tverrfagleg. Å læra å forstå sitt eige lokalsamfunn og dei kvalitetane som finst der, å gjera elevane stolte av staden dei kjem frå og la dei aktivt kunne ta del i og påverka utviklinga vidare, er ein raud tråd i satsinga.

Undervisningsopplegget er bygd opp i tråd med Kunnskapsløftet og vil berøra kompetansemål innan KRL, norsk, samfunnsfag, matematikk, naturfag, kunst og handverk. Sentrale arbeidsmåtar er lesing, forteljing, drama, film, innovasjon og filosofi. Desse metodane vil bli fordelt på dei ulike trinna frå 6. til 10.
Prosjektet får ein eigen nettstad for erfaringsutveksling, dokumentasjon og ressursbase.

Rettleiing
Det skal utarbeidast pedagogiske hefter slik at det skal vera så enkelt som råd for lærarar å få gjennomført prosjekta for dei ulike klassetrinna. To veker kvart år skal pilotklassane arbeida med ulike mål for auga, men med utgangspunkt i barne- og ungdomstekstar skrivne av Rasmus Løland.
Lærarane som skal delta i prosjektet vil bli kalla inn til samling i forkant av prosjektperiodane for å utveksle spørsmål men og for å få ei felles plattform og utgangspunkt for prosjektperioden. Det vil også bli høve til å stille spørsmål og etablera nettbaserte kontaktnett for å koma med innspel undervegs i prosessen.

Nettstad og blogg
I samband med prosjektet er det oppretta ein eigen nettstad der lærarar og elevar finn informasjon, tips og rettleiing (kvitebjornen.no).
Kvar av skulane har fått ei eiga heimeside lenka frå hovudsida. Her skal elevane leggja ut resultat frå prosjekta dei jobbar og dei kan klikke seg inn på prosjekt frå andre skular. På denne måten vil alle som tek del i prosjektet kunne sjå på kva dei andre gjer og kan på ein god måte ta opp tråden neste året i prosjektet.
Bloggføring er og ein viktig dokumentering undervegs i prosjektperioden.  Her kan elevane føra dagleg notat i den årlege prosjektperioden, både når det gjeld forventningar, arbeidsprosess og resultat. Gjekk det slik dei venta?
I tillegg vil blogg og dokumentasjonen som vert lagt ut på nettstaden vera eit viktig grunnlag i evalueringsprosessen og forskingsprosessen av prosjektet som vert gjennomført av Telemarksforsking i Bø.

Dei pedagogiske opplegga er utarbeida av:
Bjørn Olav Roaldseth, Førsteamanuensis, UIS, Filosof og teolog,
Trude Hoel, Universitetslektor ved Lesesenteret, UIS,
Johanne Øvstebø Tvedten, lektor med hovudfag i drama-og teaterpedagogikk,
Irene Gravelsæter – faglærar i kunst og handverk.
Anne Margrethe Eidhammer, Lektor med hovudfag i forming, Film som tema.
Elisabeth Ur Fjørtoft, Ryfylke Interkommunale Selskap.


Prosjektleiing
Astrid Eidhammer Hjelmeland hjå Norsk Plan as leiar prosjektet. Ho kan kontaktast på tlf 52790484/ 97194788.

Bakgrunn
Den pedagogiske satsinga har utspring i stiftinga Rasmus Løland-markeringa 2007-2011. Rogaland Fylkeskommune er ein viktig støttespelar. 
Stiftarane av markeringa Rasmus Løland 2007-2011 er:
Asker kommune, Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), Noregs Ungdomslag, Nynorsk kultursentrum, Rogaland fylkeskommune, Ryfylke interkommunale selskap, Ryfylkemuseet, Sauda kommune, Suldal mållag, Stiftinga Magasinett, Stiftinga Pirion, Suldal kommune, Wigestrand forlag og ABC Startsida.

Løland-markeringa
Nordenden 14, 4230 Sand
Tlf: 52 79 29 63
E-post: post(a)nashornet.no

  • Suldal

Markering av dødsdagen til Rasmus Løland

12.10.10

Forfattaren Jarl Austigard fortel og les frå boka Jakta på bjednekniven.
Distriktsmusikarane med elevar spelar. 
Kl. 19.00 på Vanvik skule

Arr.: Vanvik skule, Ryfylkemuseet, Stiftinga Rasmus Løland-markeringa og Folkeakademiet i Suldal

  • Sauda

«Tonje Glimmerdal» svingar seg i Folkets Hus

25.09.10
Maria Parr, forfattar av årets mest prislønte barnebok, saman med Aasmund Nordstoga m/trio.

Folkets hus i Sauda klokka 15.30

Arr. Stiftinga Rasmus Lølandmarkeringa/Ryfylkemuseet/Sauda sogela.
Arrangementet er ein del av Litteraturhelg i Sauda med mellom andre Kjartan Fløgstad, Einar Økland, Guri Vesaas og Kjersti Rorgemoen

Nashornet 2010
Nashornet 2009
Nashornet 2008
Nashornet 2007