"Ingen indianar kan vera meir samanvaksen med urskogen sin en eg med desse skogarne og urerne.
Der samla eg eingong vokstrar. Der dreiv eg so mangei tung stund. Der skulde eg óg ynskja aa verta lagd djupt innunder steinarne eingong."

rasmusloland.no kvitebjornen.com nashornet.no rasmusloland.no

Litteraturhuset i Oslo


Fredag 21. august kl. 19:00 

Løland-kveld:
Opning av utstillinga Undrande og skapande - Rasmus Løland (1861-1907) og den nynorske barnelitteraturen.

 

I samband med turnéopninga til vandreutstillinga Undrande og skapande - Rasmus Løland (1861-1907) og den nynorske barnelitteraturen, byr Ivar Aasen-tunet, Ryfylkemuseet, Asker Museum og Rasmus Løland-stiftinga inn til Løland-kveld på Litteraturhuset. 

Der blir det fleire innslag, og publikum vil mellom anna få eit føredrag av Løland-kjennaren Ernst Berge Drange. I tillegg blir det forteljarførestilling med Anne Elisebeth Skogen, som går under tittelen Den siste sommaren. Her er det også Rasmus Løland som er i sentrum.

Sidan utstillinga tek for seg nynorsk barnelitteratur etter Løland òg, blir det dessutan eit føredrag om dei historiske linjene utetter 1900-talet og fram til i dag. 


Sjølve vandreutstillinga er sett saman av tre andre utstillingar som er produserte av høvesvis Ivar Aasen-tunet, Ryfylkemuseet og Asker Museum, og ho blir sjølvsagt å sjå under Løland-kvelden på Litteraturhuset. Etter opninga på Litteraturhuset, skal vandreutstillinga innom ulike skular, bibliotek og andre kulturinstitusjonar fram til merkeåret 2011, då det er 150 år sidan Rasmus Løland blei fødd.

 

Denne teikninga laga av 5.-klassingar ved Sand skule, inspirert av Rasmus Løland si bok Det store nashornet, er noko av det ein vil sjå i vandreutstillinga.

 

Les meir på Litteraturhuset sine nettsider eller hjå Asker Museum.

 

 




   

 



 


Spørsmål om Stiftinga Rasmus Løland-markeringa 2007-2011
kan rettast til Ryfylkemuseet, tlf 52 79 29 50
E-post: post(a)nashornet.no