"Ingen indianar kan vera meir samanvaksen med urskogen sin en eg med desse skogarne og urerne.
Der samla eg eingong vokstrar. Der dreiv eg so mangei tung stund. Der skulde eg óg ynskja aa verta lagd djupt innunder steinarne eingong."

rasmusloland.no kvitebjornen.com nashornet.no rasmusloland.no
nashornet


Løland-tekst vert stripe


Av Redaksjonen 16.jun.2009

Dei som trur at å laga teikneseriestriper er ein enkel prosess må tenkja om att. Illustratør og teikneserieskapar Jorunn Hanto-Haugse har gjort omfattande førearbeid for å laga stripa om ”Då Pål las for presten”.

 - Det første eg å gjorde var å lesa gjennom "Gutar" og eit par andre tekstar eg fann, mellom anna på internett, fortel Hanto-Haugse. I tillegg har ho lese sjølvbiografien til Løland, samt litt om mannen sett av andre augo.  
Hanto-Haugse har også leita opp mykje biletmateriale av dåtida sin arkitektur, gamle skulebilete med meir for at klesstilar og hårsveisar skal vera truverdige. Ho har òg lete seg inspirera av Åshild Irgens sine illustrasjonar i ”Gutar”.
- Dette er teikningar som er kjende for andre lesarar og vil gje ei høgare grad av attkjenning, fortel ho.
- Det som eigentleg tek lengst tid, forholdsmessig, er å tilpasse teksten til antall ruter, kva rytme serien skal ha, før ein i det heile tek til å skisse, held ho fram. I dette høvet skissa eg kvar teikning for seg, før eg scanna dei inn på datamaskina og arbeidde vidare i Photoshop. Det er dette programmet eg bruker til seriane mine. Då dette var gjort, var det lettare å mikse og trikse med rutene til eg fann ein layout eg var nøgd med, og så var det berre å teikne over og fargeleggja.



Val av tekst til stripe

Det var dagleg leiar i Lølandmarkeringa, Marny Skeie Henkel, som kontakta Hanto-Haugse med førespurnad om å laga ei stripe for nettstaden nashornet.no.
Når ho vel ut situasjonar som skal passa i teikneseriesamanheng, må ho ta hensyn til lengda på teikneserien for å kunne forme teksten.
- I dette tilfellet vart det litt vrient, ettersom eg skulle laga ein kort serie, kun éi side, seier ho. Tekstane til Løland er meir ettertenksomme, utan dei "kjappe vitsane" som er vanlege i teikneseriar, difor leitte eg nøye for å finna situasjonar som kunne omformast til teikneseriespråket.

Prestedagen som utgangspunkt
- I soga "Prestedagen" i boka "Gutar" byggjer Løland sakte opp vår forståing av at gutane synest denne presten er ein skummel kar, og det meste føregår "i hovudet" til Pål, ikkje i dialog, fortel Hanto-Haugse. Då vart det mi oppgåve å koke ned historia og prøve å byggje opp nokonlunde den same kjensla i løpet av berre nokre få ruter. Akkurat denne soga passa bra til dette, difor valde eg henne, i tillegg til at eg synst soga er kjekk å lese. Det er mykje her som er morosamt for vaksne óg, ikkje berre for born, understrekar ho.

Frå tankeform til dialog
Hanto-Haugse seier at det språkleg sett ikkje var så store utfordringar å jobba med gamal tekst sidan ho har arbeidd ut frå nyutgjevinga av "Gutar", der språket er modernisert ein del. Utfordringa låg heller i å skape dialogen sjølv, ettersom Løland skreiv i "tankeform" i denne soga. - Der henta eg informasjon frå andre soger óg, for eksempel dette med å gjeta smalen, fortel ho. Eg gjorde det så enkelt som mogleg, utan å mista for mykje av det "Lølandske", sidan teikneseriar etter mi meining gjer seg best utan altfor mykje tekst, avsluttar ho.

Jorunn Hanto-Haugse
har fast stripe i fagbladet Utdanning og i Norsk Barnebla.  I mars i år hadde ho stripa ”Reveland" i Larsons gale verden nr 4
Sjå stripa i stort format her.

Tekst: Astrid Eidhammer Hjelmeland


Fleire Nyhende

Løland-markeringa
Nordenden 14, 4230 Sand
Tlf: 52 79 29 63
E-post: post(a)nashornet.no

  • Suldal

Markering av dødsdagen til Rasmus Løland

12.10.10

Forfattaren Jarl Austigard fortel og les frå boka Jakta på bjednekniven.
Distriktsmusikarane med elevar spelar. 
Kl. 19.00 på Vanvik skule

Arr.: Vanvik skule, Ryfylkemuseet, Stiftinga Rasmus Løland-markeringa og Folkeakademiet i Suldal

  • Sauda

«Tonje Glimmerdal» svingar seg i Folkets Hus

25.09.10
Maria Parr, forfattar av årets mest prislønte barnebok, saman med Aasmund Nordstoga m/trio.

Folkets hus i Sauda klokka 15.30

Arr. Stiftinga Rasmus Lølandmarkeringa/Ryfylkemuseet/Sauda sogela.
Arrangementet er ein del av Litteraturhelg i Sauda med mellom andre Kjartan Fløgstad, Einar Økland, Guri Vesaas og Kjersti Rorgemoen

Nashornet 2010
Nashornet 2009
Nashornet 2008
Nashornet 2007