"Ingen indianar kan vera meir samanvaksen med urskogen sin en eg med desse skogarne og urerne.
Der samla eg eingong vokstrar. Der dreiv eg so mangei tung stund. Der skulde eg óg ynskja aa verta lagd djupt innunder steinarne eingong."

rasmusloland.no kvitebjornen.com nashornet.no rasmusloland.no
nashornet


Forfattarbesøk i Skrivarhytta


Av Redaksjonen 20.jul.2009

- Det var fint å vera i skrivarhytta på Lindum, seier Kristi Furubotn. Ho er den første forfattaren som har nytta seg av tilbodet om gratis forfattaropphald.

I samband med Rasmus Løland sin 148. fødselsdag opna ei ny skrivarhytte på Lakseslottet Lindum i Suldal. Norske forfattarar kan søke om å få bu gratis i hytta nokre månader i året.

Kristi Furubotn frå Stavanger er den første forfattaren som har fått nytta seg av tilbodet. Furubotn er anestesisjukepleiar og forfattar. Ho har gjeve ut to romanar: Massevis kom i  2001 og Ingenting vart gitt ut i 2004. Denne våren gav Furubotn ut sakprosaen Tenk med hodet – anestesisykepleiere og anestesileger forteller – om narkoser og sånn.

Massevis er ein ungdomsroman som handlar om ungdom og livssyn. Sentralt i boka står tilhøvet til religion og religiøse miljø. Romanen byr på ei blanding av djupt eksistensielt alvor og humor.

- No skriv eg ein ny ungdomsroman, men eg vil ikkje røpa verken tittel eller innhald ennå.

- Eg skriv om det som interesserar meg. Eksistensielle spørsmål har alltid stått sentral. Då eg var ung tenkte eg mykje på forholdet til verda, åndelege ting og gutar. Ånd og kjøt, altså.

Kristi var ikkje stor då ho vart merksam på sin eigen talemåte. - Eg har alltid vore oppteken av dialektar. Far min jobba med vasskraft og me flytta mykje rundt på vestlandet.  - Eg brukar å seie at eg er eit kraftstasjonsbarn.

 – Eg var berre åtte år då eg sette i gang å konstruera min eigen dialekt. All flyttinga hadde gjort at eg hadde lagt meg til ein merkeleg blandingsdialekt, og eg skjemdest nesten over å høyra meg sjølv snakka.  I boka Massevis brukar eg interessa eg har for dialektar, og har fått gode tilbakemeldingar på skildringane.

Som barn budde Furubotn ei tid på Nesflaten i Suldal, så området er ikkje heilt ukjent for ho.
- Det føltes trygt å vera på Lindum og eg hadde fine naturopplevingar. Turar langs Lågen med dyreliv og markjordbær gav fin avveksling mellom skrive-øktene. Ein kveld såg eg ein stor rev utanfor hytta på Lindum. Den var stor og den luska ikkje. Nei, den hoppa, ler Furubotn.

  - Elles tykte eg det var godt å komma vekk frå den vanlege kvardagen, vera utilgjengeleg og kunne konsentrera meg om skrivinga, avsluttar Furubotn og legg til at ho satsar på eit nytt opphald på Lindum i august.

Les meir om skrivarhytta

Foto: Emile Ashley, Ashley studio




Fleire Nyhende

Løland-markeringa
Nordenden 14, 4230 Sand
Tlf: 52 79 29 63
E-post: post(a)nashornet.no

  • Suldal

Markering av dødsdagen til Rasmus Løland

12.10.10

Forfattaren Jarl Austigard fortel og les frå boka Jakta på bjednekniven.
Distriktsmusikarane med elevar spelar. 
Kl. 19.00 på Vanvik skule

Arr.: Vanvik skule, Ryfylkemuseet, Stiftinga Rasmus Løland-markeringa og Folkeakademiet i Suldal

  • Sauda

«Tonje Glimmerdal» svingar seg i Folkets Hus

25.09.10
Maria Parr, forfattar av årets mest prislønte barnebok, saman med Aasmund Nordstoga m/trio.

Folkets hus i Sauda klokka 15.30

Arr. Stiftinga Rasmus Lølandmarkeringa/Ryfylkemuseet/Sauda sogela.
Arrangementet er ein del av Litteraturhelg i Sauda med mellom andre Kjartan Fløgstad, Einar Økland, Guri Vesaas og Kjersti Rorgemoen

Nashornet 2010
Nashornet 2009
Nashornet 2008
Nashornet 2007