"Ingen indianar kan vera meir samanvaksen med urskogen sin en eg med desse skogarne og urerne.
Der samla eg eingong vokstrar. Der dreiv eg so mangei tung stund. Der skulde eg óg ynskja aa verta lagd djupt innunder steinarne eingong."

rasmusloland.no kvitebjornen.com nashornet.no rasmusloland.no
Markering av dødsdagen

Måndag 12. oktober er det 102 år sidan Rasmus Løland døydde, men han gledar stadig nye generasjonar.

Dagen vert markert på Nesasjøhuset på Sand, mellom anna med lansering av barnebiografien Jakta på Bjednekniven, som er skriven av Jarl og Edmund Austigard.
Her møter me dei dei to gutane Magnus og Svein, som er på ferie på Løland. Ferien deira er prega av gåter, løyndom og fantasi, og dei må ta Rasmus Løland sine forteljingar i bruk for å løyse dei mange spennande gåtene.

Elevbedrifta "Entertain" vil stå for underhaldninga. Her deltek elevar frå Sand ungdomsskule

Kanskje du vil smaka Lølandbrød?

Nesasjøhuset på Sand kl. 19.00.

Inngang kr 40. Skuleelevar går gratis.

Alle er hjarteleg velkomne!


Arrangør: Stiftinga Rasmus Løland markeringa og Ryfylkemuseet

Spørsmål om Stiftinga Rasmus Løland-markeringa 2007-2011
kan rettast til Ryfylkemuseet, tlf 52 79 29 50
E-post: post(a)nashornet.no