"Ingen indianar kan vera meir samanvaksen med urskogen sin en eg med desse skogarne og urerne.
Der samla eg eingong vokstrar. Der dreiv eg so mangei tung stund. Der skulde eg óg ynskja aa verta lagd djupt innunder steinarne eingong."

rasmusloland.no kvitebjornen.com nashornet.no rasmusloland.no
nashornet


Kvinnesterk gruppe skal forenkla nynorsken


Av Redaksjonen 08.jan.2010

Ei gruppe på fem kvinner og to menn skal utarbeida forslag til nye nynorske rettskrivingsreglar.

Dei sju er oppnemnde av Språkrådet og skal laga ei tydeleg, enkel og stram norm for nynorsk, utan sideformer.

Målet er å etablera ei norm som gjer det lettare å vera nynorskbrukar, som er tydeleg for alle som brukar nynorsk som sidemål, og som er stabil over tid. Norma skal vera lett å bruka uavhengig av formell utdanning og språkkompetanse, heiter det i vedtaket frå styret i Språkrådet.

Grete Riise (62) frå Bergen skal leia arbeida. Ho er tidlegare dagleg leiar i Noregs Mållag og arbeider no som nettredaktør hjå Fylkesmannen i Hordaland.
Førsteamanuensis Unn Røyneland (40), Oslo er nestleiar. Ho arbeider ved Universitetet i Oslo og ved Høgskulen i Volda.
Dei andre medlemmene i rettskrivingsnemnda er: Journalist Ragnhild Bjørge (32), Oslo, lærar Karin Magnetun (46), Ål, lektor og forfattar Tore Elias Hoel (56), Bodø, Redaktør Sven Arne Vee (42), Flora og prosjektdirektør Åse Wetås (37), Oslo.

Arbeidet med den nye norsknorma skal vera ferdig 15. mai 2011.

Kjelde: Nynorsk Pressekontor


 


Fleire Nyhende

Løland-markeringa
Nordenden 14, 4230 Sand
Tlf: 52 79 29 63
E-post: post(a)nashornet.no

  • Suldal

Markering av dødsdagen til Rasmus Løland

12.10.10

Forfattaren Jarl Austigard fortel og les frå boka Jakta på bjednekniven.
Distriktsmusikarane med elevar spelar. 
Kl. 19.00 på Vanvik skule

Arr.: Vanvik skule, Ryfylkemuseet, Stiftinga Rasmus Løland-markeringa og Folkeakademiet i Suldal

  • Sauda

«Tonje Glimmerdal» svingar seg i Folkets Hus

25.09.10
Maria Parr, forfattar av årets mest prislønte barnebok, saman med Aasmund Nordstoga m/trio.

Folkets hus i Sauda klokka 15.30

Arr. Stiftinga Rasmus Lølandmarkeringa/Ryfylkemuseet/Sauda sogela.
Arrangementet er ein del av Litteraturhelg i Sauda med mellom andre Kjartan Fløgstad, Einar Økland, Guri Vesaas og Kjersti Rorgemoen

Nashornet 2010
Nashornet 2009
Nashornet 2008
Nashornet 2007