Ei strålande bok
Av Redaksjonen 26.jan.2010
Jakta på Bjednekniven, av Jarl og Edmund Austigard, gjev gode lesaropplevingar.

Prosjektleiaren i Løland-stiftinga, Marny Skeie Henkel, er kontakta av ein entusiastisk lesar, som har fylgjande utsegn etter å ha lese boka:
- Eg må berre få lov å seia ein ting: Jakta på Bjednekniven er og blir ei strålande bok. Eg har hatt høgtlesing for mine born, som er 4, 7 og 9,5 år, den siste tida. Me var ferdige med boka no i romjula. Dei to eldste i sær har slukt kvar setning. Selskapet med Jelsafolket var jo det store høgdepunktet. Men kvart kapittel har engasjert. Me har hatt fantastiske stunder i lag, barna og eg.
Fleire Nyhende







