Styrk nynorsken i barnehagen
Av Redaksjonen 03.feb.2010
9. februar vert det konferanse om nynorsk i barnehagen på Kulturhuset på Sand i Ryfylke.

I panelet sit mellom andre Ingar Arnøy frå Noregs Mållag, Sylfest Lomheim frå Språkrådet, Ingeborg Mjør frå Universitetet i Stavanger og Janne Karin Støylen frå Nynorsksenteret.
Sentrale spørsmål som vil bli stilte er kvifor bør barna høyre nynorsk litteratur i barnehagen? Kvifor bør ein formidle den lokale dialekten og den nynorske songskatten til barna? Korleis kan nynorsken stå sterkare i barnehagen?
Det er Suldal Mållag saman med Rasmus Løland - markeringa, Ryfylkemuseet og Suldal kommune som inviterer til konferanse. Konferansen er gratis og open for alle interesserte.
Les programmet her.
Fleire Nyhende







