Meir nynorsk i barnehagen
Av Redaksjonen 11.feb.2010
- Eg trur me kan vere samde med Maria Parr som seier at alle barn har eit potensiale for å like å bli lest for, seier Janne Karin Støylen ved Nynorsksenteret
Støylen var invitert til barnehagekonferansen i Suldal der ein fokuserte på korleis ein kan styrke nynorsken i barnehagane. Blant deltakarane på konferansen var både politikarar, barnehagetilsette, kulturarbeidarar, lærarar og foreldre.
Janne Karin Støylen la i sitt innlegg vekt på at den nynorske barnelitteraturen var ei skattkiste for barnehagane. Det er ikkje lenger noko unnskyldning for lite nynorsk i barnehagane at den nynorske barnelitteraturen er vanskeleg å få tak i, meiner ho.
- Dei siste 11 åra har ei nynorskbok fått Kritikarprisen heile åtte gonger. Og Maria Parr si barnebok Tonje Glimmerdal er den mest selde barneboka i Noreg i 2009. Det plar ikkje vere slik, slo ho fast og peika på at den nynorske barnelitteraturen held ein høg kvalitet.
No oppfordra ho barnehagane som var representert på konferansen til å søkje på Nynorsksenteret sine FoU - midlar som blant anna skal gå til prosjekt som ynskjer å styrke nynorsken i barnehagane. Eit kriterie for å få støtte er at prosjektet skal vere ein integrert del av arbeidet i barnehagen, og at det skal vere mogleg for andre barnehagar å hente lærdom av prosjektet.
Blant dei andre som inspirerte deltakarane til å bruke meir nynorsk i barnehagane var Ingar Arnøy frå Noregs Mållag, Sylfest Lomheim frå Språkrådet og Ingeborg Mjør frå Universitetet i Stavanger.
- Det er ikkje noko problem å gjere barna reelt tospråklege. For barn er alle ord og språk morosame å lære, meinte Ingar Arnøy og la vekt på at barnehagen spelar ei viktig rolle med å framstille nynorsk som naturleg og spanande.
- Barn som leikar på bokmål er ikkje eit problem, det er derimot ein enorm styrke. Det viser at barna har god språkkunnskap. Problemet er heller at barna ikkje leikar mor og far på nynorsk, uttalte Arnøy.
Pedagogisk konsulent i Seljord kommune, Tone Bøhn, viste også korleis dei i Seljord har lagt ned eit strategisk arbeid for å nytte lokale songar og segner i barnehagen. Eit arbeid som det var heilt naturleg vart gjennomført på nynorsk.
- For oss var det viktig å satse på språkstimulering på ein plattform av lokal kultur, meinte ho.
Les meir hjå NBU forfattere: Språk og nynorsk i barnehagen
Fleire Nyhende







