Lølandsenteret blir budsjettsak
Av Redaksjonen 23.feb.2010
Stortingsrepresentant Dagfinn Høybråten (KrF) stiller no kulturministeren spørsmål om ho ynskjer å støtte ferdigstilling av Lølandsenteret.

Høybråten ynskjer no svar frå kulturminister Anniken Huitfeldt på om statsråden vil bidra til at Lølandsenteret i Suldal kommune blir ferdigstilt i tide til Lølandmarkeringa i 2011.
Han viser til at det planlagde senteret for barnekultur - og litteratur er ein langsiktig del av markeringa av at det i 2011 er 150 år sidan barnebokforfattaren Rasmus Løland vart fødd. Senteret skal organiserast som ein del av Ryfylkemuseet.
I samband med behandlinga av statsbudsjettet for 2009 vart prosjektet løfta fram av eit stort fleirtal i Stortingets familie - og kulturkomité. Men Ryfylkemuseet sin søknad til departementet om støtte for 2010 er ikkje innvilga. For at ein skal klare å realisere senteret innan tidsrammene er det naudsynt med statlege midlar, skriv Høybråten som legg vekt på at ein må forvente at statsråden vil bidra til å sikre utviklinga i saka.
Kulturminister Anniken Huitfeldt (Ap) viser på si side til at departementet er godt kjende med planane om barnekultursenter i Suldal. Ho viser også til at saka vil bli handsama som ei ordinær budsjettsak, og at det er mange prosjekt som står i kø for å få støtte.
Les spørsmålet her.
Fleire Nyhende







