Gullsekken 2010
Av Redaksjonen 14.mai.2010
Unneberg skole og produksjonen ”Usynlig" får Gullsekken 2010

Prisen for beste kulturarbeid i skulen gjekk til Unneberg skole i Sandefjord, og prisen for beste produksjon gjekk til den interaktive førestellinga ”Usynlig”, då Gullsekken vart delt ut i Den Norske Opera og Ballett måndag 10. mai.
I grunngjevinga frå juryen vart det peika på at vinnarskulen har vore ein engasjert aktør i Den kulturelle skulesekken (DKS) i meir enn 10 år. Skulen har godt formulerte planar for arbeidet med DKS og har lukkast med å integrere DKS som ein naturleg del av undervisninga. Vidare peikar juryen på at skulen inkluderar eit stort mangfald av kulturinntrykk, og at foreldre og føresette vert involverte på ein god måte.
Beste produksjon
Førestellinga ”Usynlig” fekk Gullsekken for beste produksjon. Førestellinga er laga av Katrine M.E. Strøm og Maja Bugge. Juryen peikar på at produksjonen er noko utanom det vanlege. Den er utforma som ei særprega, interaktiv førestelling, laga av born og for born. Juryen meinar produksjonen er både nytenkjande og kunstnerisk nyskapande og at den gjev elevane ei nær og spanande oppleving. Elevane vert utstyrte med hovudtelefonar og vert inviterte til å løysa eit mysterium i Tromsø Bibliotek.
Løland-general i juryen
Gullsekken-juryen har i år vore leia av forfattar og filmekspert Erlend Loe. Dei øvrige jurymedlemane har vore: Marny Skeie Henkel, lærar og leiar for Rasmus Løland-prosjektet og Nashornet; Pål Giørtz, generalsekretær i Norske dramatikeres forbund; Elisabeth Sørheim, formidlingsleiar i Norske kunsthåndverkere; Toni Usman, skodespelar med lang erfaring frå tv og scene og med utdanning frå India; Steinar Øian, lærar og musikar fra Narvik.
Les meir
Fleire Nyhende







