Rasmus Løland - 149 år
Av Redaksjonen 26.mai.2010
- Eg håpar fleire vert inspirert av Rasmus Løland så det kjem fleire gode nynorskbøker, sa Line Sand ved Lølandsteinen då fødselsdagen hans vart markert 24. mai.

- Løland inspirerar framleis mange. Det nyaste eksempelet er vel Jarl og Edmund Austigard som i fjor kom ut med ”Jakta på Bjednkniven”. Det er ei veldig god bok. Den er litt spennande og veldig løyen, det er lett å hengja med i forteljinga, og me kjenner igjen plassane. Eg håpar fleire blir inspirert, så det kjem fleire så gode bøker. Det er bra det kjem gode bøker på nynorsk, for det er alt for mange som berre les bøker på bokmål. Du må lesa bøker på det skriftspråket du har, for viss ikkje skriv du mykje feil. Viss mange berre vil skriva bokmål, mistar me halve språket vårt, sa Line Sand i bursdagstalen sin.
Markeringa held fram på Løland Kafe på Nesasjøhuset, der forfattar Arnt Birkedal snakka om Rasmus Løland som ein av dei store forfattarane. Birkedal har dei siste åra arbeidd med Løland sine tekstar og kjenner forfattarskapen godt. Han har modernisert språket i bøkene ”Gutar”, ”Kvitebjørnen” og ”Kor vart det av jula”, alle nyutgjevingar frå Det Norske Samlaget i 2007.
Arnt Birkedal fekk Rasmus Løland-stipendet for ny norsk barne- og ungdomslitteratur i 2008.
Bursdagsgjestene fekk elles høyra skjønn musikk framført av kulturskuleelev Olöf Brynja Brynjasdottir på fiolin og distriktsmusikarane Erlend Jordal på fløyte og Xenia Berkova på fiolin.
Meir om Arnt Birkedal her.
Talen til Line Sand finn du her.
Fleire Nyhende







