- Til å hoppe høgt av!
Av Redaksjonen 09.jun.2010
- Takk til Rogaland fylkeskommune for at de gir meg denne sjansen gjennom Rasmus Løland-stipendet, seier Maria Parr lukkeleg.

Rasmus løland-prisen vart delt ut av fylkeordførar Tom Tvedt i Haugesund sist tysdag. Maria Parr fekk tildelinga på 100 000 kroner slik at ho kan konsentrera seg meir om skrivinga.
Marny Skeie Henkel mottok prisen på vegne av Parr, som var forhindra frå å møta på grunn av eksamen. - Når eg går ut av døra etter eksamen veit eg at eg har fått draumejobben til hausten. Eg skal skrive. Det er til å hoppe høgt av! Eg gler meg til å kunne sette all tid og energi inn på å lage fleire bøker for barn.
- Og takk til Rasmus Løland sjølv, for at han allereie på slutten av 1800-talet laga bøker som konsekvent tok barn og barneperspektivet alvorleg, og slik representerer starten på ei grein av norsk barneboktradisjon som eg gjerne vil vere ein del av.
Rune Salvesen fekk fylket sitt litteraturstipend medan Nils Økland mottok fylkeskulturprisen for 2010.

Rune Salvesen, Tom Tvedt, Nils Økland og Marny Skeie Henkel. (Foto: Rogaland fylkeskommune)
Les meir om Løland-stipendet her.
Fleire Nyhende







