Diktarvegen set opp bokhylle. Desse bøkene kan du låna, lesa og låna vidare til ein annan, eller setja dei tilbake på venterommet på Ropeidkaien. Har du ei bok du ikkje treng lenger kan du gjerne setja den frå deg her.
Opningsarrangement: Måndag 21. juni kl. 12.45 – 13.30.
Alle er hjarteleg velkomne!
Arr: Diktarvegen, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, I/S Fjordvegen, Suldal kommune.







