Tidstavle
1861, 24. mai: Rasmus Løland vert fødd i Oppistovå på garden Løland i Hylsfjorden, Sand sokn og prestegjeld.
1876, 1. oktober: Konfirmert i Sandskyrkjå.
1877-78, vinteren: Amtskulen på Sand.
1878, sommaren: Ifylgje dagbøkene er det denne sommaren han byrjar nemna på sjukdom, som han lei mykje av sidan, og særleg tungt frametter 1880-talet.
1879, 21. mai: Første stykke på trykk i ”Fedraheimen”: ”Frå Hylsstrondi (Ryfylke)”, samla under ”Ymse Segner” og underteikna ein R. Sidan fleire mindre stykke på trykk i ”Fedraheimen” frametter.
1881: Melder seg inn i Det Norske Samlaget.
1886: Ved brukarskifte i Oppistovå, då broren Lars tek over etter foreldra, vert det bestemt at Rasmus skal fylgja garden (på Folga). Det heiter at når foreldra er døde ”skal deres Søn Rasmus Larsen have frit Ophold, fri Forpleining og anstændig Beklædning, saalænge han er sygelig og ugift og selv ønsker det”.
1887: Sender sine første skrivearbeid til ”Det Norske Samlaget” via stortingsmann Ola Berge frå Sand.
1888: Faren, Lars Larssen Løland, døyr.
1888: Forteljinga ”Hans og Margrethe” blir trykt i ”Lauvduskar” (Samlaget).
1890: Mora, Barbro Torkelsdtr. f. Søndenå (Sønnå), døyr.
Kring 1890: Rasmus bessnar frå sjukdommen han lei mykje under på 1880-talet.
1890 og 1891: Eit par periodar som huslærar hos systera Bertha Rabbe i Sauda (Saudasjøen).
1891: Debuterer med boka ”Folkeliv” (hos Mons Litlerè i Bergen).
1892 og 1893, sommaren: Turar til Bergen.
1895, hausten: Reiser til Kristiania første gang.
1896/97: Slår seg ned i Kristiania, m.a. medarbeidar i ”Den 17de Mai”
1899-1900: Statsstipend, på reise i Europa frå 9. november 1899 til 3. august 1900.
1902: Redaktør for ”Norsk Barneblad” – fram til han døydde.
1903: Kjøper hus og eit stykke jord på Labråten i Asker, tett ved Arne Garborg.
1903-06: I styret for Det Norske Samlaget.
1907, 12. oktober: Døyr av tæring på Labråten og gravlagt på Asker kyrkjegard.







